– Vi bygg vidare på det som eingong var
Brekkegarden på Sunnmøre får støtte av Billes legat. Hvilke tanker ligger bak prosjektet?
Sammen med Alv Ottar Folkestad driver Nina Elisabeth Bøe Brekkegarden. Hun deler her noen tanker om Brekkegarden, om prosjektet, tiden som har gått og tidene som kommer.
Her kan du lese mer om støtten fra Olaf Billes legat
Hvordan vil tildelingen fra Olaf Billes legat bidra til å styrke eller videreutvikle målene for prosjektet deres på Brekkegarden?
– Då vi tok over den kulturminnelista Brekkegarden i 2016 såg vi konturane av ein hage som ein gong hadde vore høgt elska. Dette vart også stadfesta av etterkomarane etter dei som hadde budd der.
I den gamle sunnmørsdialekta kalla dei gjerne alt som vaks i hagane for «roser». Så når folk sa at «ho mor er ute og steller rosene», var dette eigentleg eit uttrykk for alt ho hadde av blomar i hagen sin. I Brekkegarden femna dette også om roser. Prestegardsrosa ‘alba Maxima’ og bourbonrosa ‘Great Western’, sto att i tunet. Dei trong ikkje mykje omsorg før dei reiste seg mot gamle høgder.
I 2018 skjedde noko underleg. Etter litt planting og graving på nordsida av huset, dukka det opp noko som vitterleg ikkje hadde stått der før – ei vedunderleg vakker fylt pinselilje. Stått der hadde ho naturlegvis – i mange, mange år. Men usynleg for oss menneska etterkvart. Det var som om spadetaka i jorda ved sida av henne vekte henne opp att frå den lange søvnen.
Gradvis dukka det opp fleire her og der, i takt med kultivering og gjødsling. Etterkvart talte vi ti ulike kultivarar. Levande minne frå ei anna tid, vitnesbyrd om tidlegare eigarar sin kjærleik til hagen. Dette vart for oss starten på vidareutviklinga av hagane, og roser og påskeliljer vart enno meir sentrale element enn vi kanskje såg for oss i starten.
I 2018 vart den historiske rosesamlinga etablert, og i 2021 kom ei lita samling av botaniske til. Det å no få sjansen til å vidareutvikle rose- og påskeliljesamlinga enno meir, inneber kjensla av retning og heilskap i prosjektet. Vi bygg vidare på det som eingong var, med blikket retta bakover og framover, innover og utover.
Prosjektet «Hage og eit halmstrå himmel» starta opp i Brekkegarden på nyåret i 2020. Dette er eit prosjekt i terapeutisk hagebruk, der nokre av deltakarane også er med i eit fylgjeforskingsprosjekt. I samband med dette har designprinsipp for terapeutiske hagar blitt lagt til grunn for all vidareutvikling av hageromma. Sentralt står skjerming, det å kunne oppleve å gå inn i eit hagerom som opplevast som ein samanhengande heilskap, ei anna verd, der alt anna kan få ligge.
Hageområdet ved dammen skal utformast i tråd med dette. Rosene blir brukt som levande veggar, og skjermar dels for innsyn frå andre deler av hagen. Slik kan vi legge til rette for litt bortgøymde sitteplassar og benkar, der ein med ei kjensle av tryggheit og ro kan sjå ut på det som lever og er.
Kombinasjonen av våre fagbakgrunnar frå biologi, kunst, helse og undervisning har vore ankerpunkt for prosjekta og for den historike rosehagen har målet vore å etablere ein kunnskapsbank gjennom utprøving av roser i eit relativt vèrhardt kyststrøk, slik at denne kunnskapen kan delast vidare. No gler vi oss spesielt til å dykke enno djupare i det som har med narsiss-slekta å gjere i åra framover.
Hva betyr denne støtten for lokalsamfunnet, og hvordan kan prosjektet bidra til økt interesse for botanikk og kulturhistorie på Sunnmøre?
– Planter er levande, og samstundes både materiell og immateriell kulturarv. Rotskot av roser og løk av påskeliljer har vore delt og flytta, vandra over hagegjerda, og blitt med borna når dei vart vaksne og flytta heimanfrå. Slik vart dei del av familien sin identitet. Rosene i Brekkegarden har kome dit på denne måten, og vi har bore med oss dette når vi no sjølve kan spa opp rotskot for å gje vidare.
I nokre hagar rundt omkring i nærområdet og elles i landet står det no små rotskot av prestegardsroser som har sitt opphav frå hagane hos oss. Vi har òg fått del i arv frå lokalsamfunnet – gjennom menneske som kjenner til prosjekta og vil dele med oss. Slik har det vandra inn i hagen eit rotskot av ei rose etter Nina si oldemor, saman med lovnad om påskeliljeløk frå same hagen.
Ei eldre hagevenninne fortel om hennar mor som hadde hagen full av påskeliljer, og som kvar vår fylte opp bilen med hundrevis av påskeliljer, som ho så køyrde rundt og delte ut til sine vener og slektningar. I åra framover skal vi gjere som mora til vår venninne. Vi skal dele, av rotskot, løk og planter, og slik prøve å bidra til at plantearven vår blir vevd i hop med dei gode menneskemøta.
Hvordan ser dere for dere at prosjektet kan utvikles i fremtiden, og på hvilken måte vil denne økonomiske støtten fra legatet spille en rolle i den langsiktige planen?
– Satsinga på plantesamlingar i Brekkegarden er nært knytt til spørsmålet om kvifor vi framleis vil satse på å bu her. Vår tids samfunnsdebatt peikar mot i ei framtid der utkantane vil kjenne på ei aukande marginalisering. Vårt håp er at satsinga skal bli noko kommunen og folket på søre Sunnmøre kjenner tilhøyrsle til, ein stad dei vil ynskje å besøke, og ta med slekt og vener til.
Ofte kan ein tenkje at vi undervurderer det menneskelege behovet for skjønnheit i omgjevnadane våre, i natur, kultur og arkitektur. Det vakre og harmoniske påverkar oss på mange måtar, der vi framleis ikkje fullt ut kjenner samanhengane.
Samstundes er det grunnleggjande for oss menneska å kjenne tilhøyrsle, å kome frå ein stad, å ha gode band til denne staden. Vi har mange born på besøk gjennom året, barnehagar, skuleklasser og andre. For oss er dette ein del av den langsiktige tenkinga. Vi ynskjer at dei unge skal ha kunnskap om, og gode minner frå den staden der dei vaks opp.
Det er viktig for oss som driv dette prosjektet at det har potensialet til å strekke seg ut over vår eiga levetid, og at Brekkegarden skal etablerast i medvitet til dei som bur her ute som ein del av vår felles kulturarv. I tillegg til prosjektet i terapeutisk hagebruk planlegg vi å starte opp ei hagegruppe for frivillige. Dette med bakgrunn i signal vi har fått om behov for ei slik gruppe. Dermed bidreg dette også til organisasjonen sine målsetjingar om å vere ein synleg aktør i det lokale folkehelsearbeidet.
Hagane i Brekkegarden har også spelt ei viktig rolle i prosessen der vi nyleg vart akkrediterte som pilegrimsmål, og vi er trygge på at det nye hageområdet vil bli ein kjær kvilestad for slitne vandrarar.
Hageromma har framleis eit stort potensiale for vidare utvikling, og prosjekta hittil har tatt oss inn på vegar vi ikkje kunne føreseie då vi starta for åtte år sidan. Vi er sikre på at tildelinga frå Olaf Billes legat vil hjelpe oss med å nå alle våre eksisterande målsetjingar, og at enno fleire nye innfallsportar vil opne seg i takt med tankane og ynskja til alle dei nye besøkande vi no kan invitere inn.