Avreise kl.10:00 frå Bømlo.                                                                                    Private bilar, evt.samkjøring med andre medlemmer.

Me starter med open dag ca.kl.11:00 hos Komplett Utemiljø. Dei opnar 1 time tidlegare kun for oss, slik at me får ein privat omvisning. Ferden går vidare til Spanne Plantesalg, som har eit fantastisk utval eigenproduserte planter mm. Me finner ein plass å eta undervegs og tar det litt på sparket. Ta gjerne med niste om du heller vil det.

Ingen påmelding, men send oss gjerne ein sms om at me skal sjå etter deg. Om du ikkje får ordna med transport, kan du ta kontakt, så skal me prøva å hjelpa.                                         ( Gunn Sissel tlfnr. 90194739, Kari 97649777.)