Gamlevegen 158, Fiskå
Hagevandring på Fiskå
jun
To
På torsdag hiv vi oss rundt i godvèret, og tek turen til Anni Rusten på Fiskå!
Anni Rusten på Fiskå ynskjer oss velkomne til sin rikhaldige hage. Bløminga er på det finaste akkurat no, dermed er det berre å styrte til! Vi tek ferga frå Årvika kl 1815, og er då framme på Fiskå hos Anni ca 1835. Der blir det vandring, tid til tomat-prat i drivhuset, ein kopp kaffi og bite-ti, samt trekning på inngongsbilletten. Pris kr 50.
Anni bur i Gamlevegen 158. For dei som ikkje er kjende, så ligg gamlevegen bort mot fjellsida når vi køyrer over eidet og nedover mot Fiskå. Vi tar dermed av til høgre når vi kjem opp på eidet. Anni bur i eit kvitt hus, med raud løde og drivhuset midt mellom huset og løda.
Velkomne!