Årsmøte i Sogn og Fjordane
Vi har årsmøtehelg i Sogndal. Det blir på Kaupanger. Program på Vite Meir senteret. Spennande program og omvising i bygget.
Kl. 1300. Inger Auestad med tema Blomstereng i hagen. Kvifor? Kvar? Korleis? Inger jobbar på Høgskulen Vestlandset.
Kl. 14.30 Foredrag av Mathilde Broch Larsen, økologisk grønsaksdyrkar på Indre Hafslo.
Her er heile programet for helga:
SOGNDAL/KAUPANGER LAURDAG
11.30: Oppmøte på Vite Meir
11.45: Varm Lunch
13.00: Foredrag av Inger Auestad, (botanikar og økolog på Høgskulen på Vestlandet) med Blomstereng i hagen; Kvifor? Kvar? Korleis?
14.00: 30 minutt pause - Lotteri
14.30: Foredrag av Mathilde Broch Larsen, økologisk grønsaksdyrkar på Indre Hafslo. Etter foredrag trekking av lotteri
15.30: Omvisning av Heidi Breili Bøthun på Vite Meir. På taket av bygget, vil det i løpet av sommaren bli bygd ein hage. Evnt oppmøte av seljarar frå REKO-ringen og andre utanfor Vite Meir
16.00-17.00:Innsjekk på Vesterland Feriepark.
19.00: Middag på Vite Meir
21.00-23.00:Mingling og kos på Vite Meir, skjenkeløyve
SØNDAG 08.00–9.30: Frokost på Vesterland MUSEUMET
10.00: Årsmøte og hagelagets time
12.30: Varm Lunch (lapskaus) kaker/kaffi
13.30: Foredrag av Marie Petterson om Kveitevollstova; hagen frå Luster
14.30: Vel heim