Husflidslaget vil vise oss korleis vi kan tove julepynt, og dei har med materiale for toving. Hagelaget viser korleis vi kan lage mosekuler: Mosekuler er dekorative og fine å bruke som pynt både innandørs og ute. Vi har det som trengs av tråd og streng, men ta med eigen mose. Sjå eksempel på fine kuler nedanfor.

Det blir loddsal med trekking av gevinstar, servering av gløgg, julebrød og peparkaker. Det er ikkje inngangspengar, men ta gjerne med ein premie til loddsalet.

Bli med oss og få julestemning og masse inspirasjon denne kvelden! VELKOMMEN TIL ALLE !