Hagetur til Nautesund
Førde hagelag reiser på heildagstur saman med Naustdal hagelag lørdag 10.juni til Håkon Vangsnes og Nautesund Plantesalg - med stopp I Dalsøyra og Opdalsøyra
Avreise frå Førde ca kl 9.10. Oppmøte bak Rema 1000 ved elva - eigen og samordna transport.
Turen går til Lavik / Oppedal og vidare til Dalsøyra med første stopp hos Birger Westervik. Han har mange interessante rododendron.
Neste stopp er Opdalsøyra der vi besøker Anne Grete Hønsi Opdal. Vi blir tatt i mot på det romslige tunet og her får vi servert fersk gjærbakst og det er mogleg å få kjøpt kaffi. Her må vi betale litt for det vi spiser/drikker- ta med litt kontanter. Ho har ein flott hage ved huset og ein ekstra hage med masse Rhododendron i heile skråningen litt utanfor. På vegen dit og bare ca 2 min gange frå huset, ligger gamleskulen som i dag er skulemuseum.
Deretter går turen til Håkon Vangsnes i Nautesund og Nautesund Plantesal. Her vil vi finne mange spennande planter for ein kvar smak og interesse.
Bli med på ein flott og inspirerande tur!
Adresser:
Birger Westervik , Glenjevegen 44, 5960 Dalsøyra Anne Grete Hønsi Opdal, Kjelbjuvegen 52, 5960 Dalsøyra Håkon Vangsnes, Nautesund Plantesalg, Fensfjordvegen 1231, 5986 Hosteland