Hagevandring

Førde hagelag inviterer medlemer og andre interesserte til hagevandring torsdag 26. August kl 18:00. Vi besøkjer Espen Loe Haukedal i Førde.

Her kjem vi til ein spennande hage.  Gode uterom, symmetri og belysning er viktige element. Mange ulike tre innan same plantefamilie gir variasjon i form, farge og blomstringstid.

Bli med og få god hageinspirasjon denne kvelden.

Vi følgjer gjeldande regler mot Korona.

Velkommen

Adresse: Refsdal, 6800 Førde