Førde hagelag inviterer medlemer og andre interesserte til hagevandring onsdag 8. september kl18:00.

Vi besøkjer Solbjørg Søhoel Flåm og Audun Flåm i Førde.Her kjem vi til ein innhaldsrik hage plassert i høgda med fantastisk utsikt over Førde.

Hagen sitt areal er svært godt utnytta med mange spennande element. Flotte blomsterbed og fontene og sitteplass på framsida av huset. Drivhus plassert på sida og i det skrå terrenget bak huset, finner vi hundegard, frukttre og kjøkkenhagen, plassert som oppbygget bredt trinn med pallekarmar.

Mange blomsterløk, stauder, roser vintergrønt, busker og tre gir blomstring gjennom heile sesongen.

Bli med og få god hageinspirasjon denne kvelden.

Velkommen

Adresse:  6801 Førde

Vi følgjer gjeldande reglar for smittevern mot Korona