Bøtun - Innføring i dyrking av snittblomar med 2-rettars lunsj

Av Cathrin Ljøsne Næss
aug
Bøtun Gard, Indre Hafslo

Hjerteleg velkommen med til ein dag hjå Bøtun Gard på Indre Hafslo. Dei driv økologisk marknadshage der dei dyrkar grønnsaker og snittblomar for sal. Me får ei innføring i korleis ein dyrkar snittblomar, litt om jordlivet og ein 2-rettars lunsj frå med mat frå hagen deira. Dette arrangementet har bindande påmelding og kan ta maksimalt 20 personar. Les meir om Bøtun på www.botungard.no og sjå Facebook-sida vår for nærmare informasjon om prisar og påmelding.