Som bleike stjerner i kveldsmørket lyser dei mot deg og ber bod om at våren er i venting i vinterkald jord. Og om snøen ligg djup, veit vi at om ikkje så lenge er juleroser blant dei første i alt det som gror.

Julerosa (Helleborus niger) er ei litt særeigen plante som veks på den tida når andre stauder er i kvile. Dei store, voksaktige kronblada er kvite som nyfallen snø medan støvberarane har våren sin farge.

I kontrast til dei friskt grøne blada har julerosa svarte røter, og heile planten er giftig. Kanskje ikkje så underleg at julerosa gjennom tidene har blitt tillagt legendar og mørk magi.Helleborus

I Legenden om julerosene har Selma Lagerløf fortalt så vakkert om korleis julerosa kom til jorda,– og slik hende det.

Selma Lagerlöf– I Goingeskogen i Skåne budde det for lenge, lenge sidan ein røvarfamilie som levde av å tigge og stele. Men kvar julenatt opplevde dei noko svært underleg.

Ein hage med dei vakraste blomster grodde fram mellom snødekte graner og kom i full blomstring til et grydde av dag,

Ein dag då røvermor var på tiggarferd rundt i sognet kom ho til å fortelje til abbed Hans i Øved kloster om den underfulle hagen. Abbed Hans var sterkt hageinteressert og etter mange overtalingar lova røvarmor å vise han hagen neste julenatt.

Inn i skogen

Det vart ei lang og farefull ferd då abbed Hans og ein klosterbror gav seg i veg inn i Goingeskogen seint på julekvelden, men fram kom dei, og hagen fekk dei sjå.

Abbed hans var sliten etter den lange ferda, og ved synet av alle blomstene vart inntrykka sterke, og han sovna inn i alt det vakre rundt han. Klosterbroren såg det annleis. Ein slik hage kunne ikkje vera av det gode, og han bad høgare makter om hjelp og vern mot slik styggeskap. Straks etter bleikna hagen av og blomstene og det varme lyset vart borte.

Men i handa til abbed Hans fann dei ei lita rot som vart opphav til alle juleroser på jorda.

– Og kvart år ved juletider, sender julerosene kvite blomster og grøne stenglar opp av molda som dei aldri kan gløyma at dei eingong voks i den store julenattshagen – seier legenda.

Julerose