I starten kan dei små, grøne spirane sjå svært like ut. Dei fleste markblomane er fleirårige plantar som ikkje blømer før sitt andre år. Det første året ser du berre grøne blad og kanskje ein stengel utan blome.

Kristin Daugstad

Ellen Johanne Svalheim

NIBIO-forskarane Ellen Johanne Svalheim og Kristin Daugstad, vil hjelpe deg med å skilje dei ulike artane frå kvarandre før dei blømer.

Frøplante

Eit oppslagsverk om ukjente fasar

– Vi er opplærte til at når vi skal lære ei plante å kjenne, så er det blomen på toppen som er viktig. Det grøne nedanfor ser vi ofte ikkje så nøye på. Vi vil folk skal bli kjente med korleis plantene ser ut undervegs, for elles aner ein jo ikkje kva som kjem opp før etter bløming, seier Svalheim.

– Målet vårt er eigentleg å auke suksessfaktoren for dei som skal etablere ei blomstereng. Vi merker at folk er opptatt av dette, og kvart år får vi hundrevis av førespurnader frå folk som ønsker meir informasjon. Alt frå store entreprenørar til hageeigarar og skoleklassar tek kontakt, fortel forskaren.

Og skal du etablere ei blomstereng kan det være nyttig å begynne med eit frø. I 2021 publiserte forskarane Frøboka – ei bok som gjer lesarane kjent med korleis frøa til dei ulike plantane ser ut. Her lærer ein også korleis dei visne plantane ser ut når ein skal sanke frø.

– Utvalet av markblomar er gjort med omhug fordi dei er vanlege over store deler av landet vårt. På sikt er tanken å få med skildringane av spirane til markblomane i same bok, slik at det blir eit oppslagsverk om alle dei meir ukjente vekstfasane, fortel Daugstad.

Ove Hetland

Noko smått under makrolinsa

Forskarane har tatt bilete og skildra markblomane i tre vegetative stadium: frøplante, mellomstadium og større plante. Desse skildringane av 40 markblomar er publisert på ei ny temaside på nettstaden nibio.no. Sida er kalla «Spirer og småplanter av markblomster».

SPIRER OG SMÅPLANTER AV MARKBLOMSTER (EKSTERN SIDE)

– Vår gode fotograf Ove Hetland, har tatt bilete av markblomane etter kvart som dei veks og utviklar seg frå ei lita frøplante til dei får varige blad, rosettar og etter kvart stenglar, fortel Svalheim.

– Markblomane spirer til ulik tid. Så det var ein veldig stor jobb å heile tida følgje med på alle artane etter kvart som dei utvikla seg. Så snart for eksempel raudknapp hadde fått sitt første varige blad, kom ein forskingsingeniør springande med potta til fotografering, fortel Svalheim.

Plantane i dei ulike stadia blei satt i ein liten kvit fotoboks under eit fastmontert fotoapparat med makrolinse. Slik kunne fotografen ta mest mogleg standardiserte bilet.

Ulike frøplanter

Den vesle skilnaden som gjer ein forskjell

Den første vårblomen du ser er gjerne hestehoven som stikk seg opp mellom snøslaps, grus og vissent gras. Denne kjenner de fleste av oss att. Men mange av dei andre plantane er ikkje like enkle når dei første spirane kjem, heller ikkje for ein erfaren forskar.

– På frøbladstadiet vil eg slite sjølv med å sjå forskjell på alle spirane. I prosjektet veit vi jo heldigvis kva frø vi har sådd i dei ulike pottene. Men ute i enga vil det være svært vanskeleg å vite med sikkerheit før plantene får varige blad og kjem i mellomstadiet, seier Daugstad.

– Du må hugse, desse bileta vi har tatt er veldig forstørra. Vi har sett på ein målestokk på fem millimeter på kvart bilete.

Ryllik

Ryllik

Men allereie på mellomstadiet blir forskjellen meir tydeleg, også for dei som er uerfarne. Forskarane håper bileta og skildringa på den nye nettsida, ska hjelpe alle dei med blomsterengprosjekt til å lykkast.

– Mange er usikre på kva det er som spirer. Er det ugraset som kjem opp, eller er det faktisk det ein har sådd? Jo før ein veit svaret på det, jo raskare kan ein begynne å luke unna uønska spreiing av andre planter i enga, seier Svalheim. 

– Det er eigentleg veldig fascinerande å lære seg å sjå forskjell på planter på heilt andre stadium enn du er vant til å sjå dei, avsluttar forskaren.

SPIRER OG SMÅPLANTER AV MARKBLOMSTER (EKSTERN SIDE)

Prestekrage

Prestekrage