Etne hagelag inviterer til foredrag med Maria Berg Hestad, kjend frå Det Grønne Skafferi og forfattar av fleire bøker om grønsaksdyrking. Drøymer du om å dyrka din eigen mat i eigen hage? Men synest det verkar komplisert, dyrt og tidkrevjande å komma i gong? Då er dette foredraget for deg. Her får du tips til å enkelt komma i gong med ein kjøkenhage av pallekarmar – som vil gjera deg til ein dyrkeninja på liten plass!

Kvelden vil by på:

Tips til å komma i gong på rimeleg vis.
Tips til korleis bruke gratis paller for å gjera dyrkinga billig og enkel.
Tips til å bli sjølvforsynt på jord og gjødsel.
Korleis starta opp med å så inne.
Korleis lukkast med overgangen ute/inne.
Topp 10-lister for kva du skal dyrka med omsyn til ulike prioriteringar
Tips til korleis dyrka fleire avlingar per pallekarm per sesong
Tips til korleis lagra overskotet.
Praktiske tips.

Foredraget er tysdag 13. februar kl 18 på Kulturhuset Skakke i Etne.

 

Billett kr 250 kan du kjøpa med ein gong på skakke.no. Kaffi, te og kake i pausen, er inkludert i prisen.