Hagevandring til to svært ulike hagar!

Vi startar hjå Patricia og Tore Iden på Fure kl 12. Det går ferje frå Askvoll til Fure kl 11:30 for dei som kjem den vegen.  Begge er arkitektar og hagen og huset er nøye planlagt rundt tunplassen og dei gamle trea som framleis står der. Reine linjer og mykje vintergrønt finn vi her.

Deretter går turen til Flekke der vi besøker Lesley Wilson. Hagen er inspirert av William Robinson og boka han skreiv i 1870, ‘The Wild Garden’. Innimellom naturtomt og villhagen er sitteplassar med stramare linjer for å bevare struktur og samanheng gjennom hagen.

Dette vert ein dagstur, vonaleg i strålande sol og sommarvarme!

Velkomne! :-)