Vi inviterer til foredrag med Anders Røyneberg, kjend som @arcticgardener på Instagram og fra NRK og TV2 God morgen Norge. Han har skrive bøkene PLANTELYKKE og PLANTEBONANZA, og inspirerer sine over 100 000 følgjarar frå heile verda til å leve grønare. Anders har innreia heimen sin på Hadeland med hundrevis av potteplantar og vil fortelje deg kva grønplantebylgja handlar om, korleis du kan lykkast med å stelle, ta vare på og velje plantar som passar til deg. Våren 2023 kjem han med si første hagebok.

arcticgardener

Foredraget bugnar av grøn inspirasjon og bilete av frodige rom. Tips til godt vinterstell av stoveplantane dine får du også!
Kjæresten hans, Erik Schjerven er medforfattar av bøkene og sidekick på foredraget. Det blir sal og signering av bøker for dei som vil og godt høve til å stille spørsmål om plantepleie og få deira beste, grøne tips.

Arrangementet er i samarbeid med Stryn hagelag 

Kan vere eit bilete av Éin person