Den årlege prikledagen
Birgit Sandtveit vil gi ei kort innføring i korleis du priklar (planter om) småplanter og lagar dine eigne stiklingar (setja plantedelar i jord for å laga nye planter).
Etterpå får du høve til å praktisere kunnskapen. Dette er ein fin måte å skaffe seg nye planter til hagen. Hagelaget held alt utstyret du treng, men ta gjerne med småpotter og bereposar eller liknande for å få plantene heim.
Har du planter eller stiklingar til overs frå såinga eller drivinga, er dette ein fin måte å la dei kome til nytte på i staden for å kaste dei.
Sjølvsagt blir det også høve til å dele hageerfaringane dine med andre, eller spør fagfolk om hjelp. Har du ny hage, eller er ny i Lyngdal, er dette ein fin måte å møte hageentusiastar med gode kunnskapar om alt du måtte lure på.
Enkel servering.
Vel møtt til ein lærerik og koseleg kveld.