Beredskapshagen - slik får du mat ut av plenen
Foredrag med gartnar Anders Nordrum frå Datsja om auka matberedskap i ei krisetid. Nordrum vil gi ei innføring i dyrking og lagring av ulike grønsaksslag, med fokus på erfaringsdeling - der også gammal kunnskap har ein plass. Nordrum vil snakka om korleis me kan etablera ei god og fruktbar jord med hjelp av lokale og minimale ressursar, uavhengig av hagesenter.
Foredrageholder Anders Nordrum brenn for å styrkja eigenberedskapen eller befolkningsberedskapen, der òg hagen kan spela ei viktig rolle. Kjøkkenhagen som matvareberedskap. Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt. For om alle gjer litt, er storsamfunnet betre rusta til å ta seg av dei som treng det mest.
Anders Nordrum er grunnleggjar av føretaket Datsja, gartnar, pedagog og lærar. Han har mange år bak seg som lærer i gartnarfag ved Gjennestad vidaregåande (tidlegare gartnarskule). Han har også i mange år jobba i Kriminalomsorgen med gartnarfag som verktøy.
Datsja AS såg dagens lys i 2015, og sidan då har han og kona, Barbro, drive kunnskapsformidling både gjennom blogg, kurs og foredrag. I samarbeid med NORGRO oppformarar og spreier dei virusfri sjalottløk og tørr-ròteresistent potet, pluss beredskapspakkar med frø for langtidslagring i fryseboks.
Begrepet "datsja" er hentet fra Russland. En datsja var kolonihagen de fleste østeuropeere fikk tilgang til under Sovjettiden. Kjøkkenhagen med den lille hytta og badstuen, var ferieparadiset og det viktigste spiskammeret for familier i matknappe tider. Her lærte man av hverandre hvordan man kunne få mest mulig ut av hver kvadratmeter jord, og hvordan man best kunne lagre, tilberede og konservere markens og naturens grøde.
I 2021 vart også boka "Beredskapshagen, slik får du mat ut av plenen" til, i samarbeid med dottera, Maria, som har skrive boka. No har den komme i 3.opplag!