Planteloppemarknad 2024

Stord hagelag arrangerer den populære planteloppemarknaden 8. juni kl 10-15. Arrangementet er ein del av Folk i Sentrum arrangementet på Vikjo.

Etterlysar planteloppar!

Har du byrja å gjere klar hagen for vår- og sommarsesonge? Kanskje du har planter eller avleggjarar til overs? Då vert me glad om du har noko til loppemarknaden vår. Set planatane i godt merka potter og spar dei til planteloppemarknaden nærmar seg.

Me ber om at plantane levereast på arrangementet frå kl 09:30 den 8. juni. Om du treng at noko hentar kan du ta kontakt med Marit (mobil 97755749) eller Lidveig (mobil 90975644).

 

Styret treng òg hjelp til å arrangere

- er du ledig?
Flott om me får ei melding her på Facebook om du kan bidra.

 

Vel møtt på planteloppemarknad!