I 2016 tok Nina og ektemannen over Brekkegarden, der jorda hadde lege brakk i førti år. Garden ligg på mager sandjord, der utvasking og forsuring over lang tid hadde gjort jordsmonnet nærast livlaust. Kva måtte til for å bygge opp att denne plassen til eit lite paradis for insekt, fugl og fe?

Sidan 2019 har det vore drive eit pollinatorprosjekt på garden, delfinansiert av Miljødirektoratet. Nina vil i foredraget fortelje litt om dette prosjektet, og korleis ein kan gå fram for å legge til rette for sommarfugl, humler og blomsterfluger. Spesiell vekt ligg på planteval og designprinsipp.