Sande (MR) Hagelag – for Hareid, Ulstein, Herøy, Sande  – inviterer til eit soppdyrkingskurs på Hareid Folkebibliotek 25.mai kl. 18.30-19.30.
Karl Johan Grimstad vil vise og fortelje, forklare og lære oss korleis vi kan dyrke god matsopp enkelt heime på kjøkenet. Med seg har han også ein hjelpar.
Kurset er gratis, og ope for alle.
Frivillig donasjon på 50,-kr med Vipps for dei som vil gi støtte til Hagelaget.