Planteloppis er noko av det kjekkaste som fins for hagefolket. I år blir vi å finne på Larsnes. Vi var så takksame for alle bidrag i fjor, og oppmodar alle som har mulegheit til å levere planter i år om å kontakte oss i styret for å avtale. Litt servering blir det nok, og vi satsar på ein nydeleg hagedag i Larsnes sentrum. Viktig: vi tar ikkje i mot planter frå hagar som har brunsneglar. Ver også obs på at du ikkje leverer frå deg planter som står på Framandartslista. Er du usikker, spør oss, så hjelper vi. Velkomne på loppis, vi gler oss!