Vi inviterer til årsmøtehelg på Thon Skei hotell 16. - 17. mars.

Det vert ei helg med hageinspirasjon, fordrag, diskusjonar og sosialt samvær med andre trivelege hagefolk. 

Laurdag får vi lære om beredskapshage.

På søndag vert det fordrag med Claus Dalby, det er ope for alle og vi håpar vi får mange gjester.

Claus han er ein kjend foredragshaldar og hagebokforfattar, de kan følgje han på Instagram, Facebook og Youtube eller på heimesida  clausdalby.dk .

Vi håpar det vert mange som har lyst komme og høyre på, og at de i lokallaga hjelper å informere om dette.

Lokallaga kan stille med så mange dei ønskjer på samlinga, men det er berre to som har stemmerett på årsmøte.

Påmelding på e-post til Elin Hauge elinhauge@hotmail.no eller på telefon 41 33 29 92 innan 22. februar. Opplys om kven som deler dobbeltrom og eventuelle allergiar.

Velmøtt og velkomen til ei triveleg helg!

PROGRAM

Stad: Thon Skei hotell

Laurdag 16. mars

12.30                    Lunsj

14.00                    Beredskapshage v/Anders Nordrum

15.00                    Hagelagets time

16.30                    Ut på tur/hagebesøk v/ Førde Hagelag

19.30                    Middag 

Søndag 17. mars

 9.00                     Årsmøte

11.00                    «Små hager, store drømmer» v/ Claus Dalby,

11:45                    Pause med loddsal/boksal

12:15                    Claus Dalby, forts.

13.00                    Trekning og takk for no

13.30                    Lunsj og heimreise

PRISAR

Deltakaravgift for årsmøtedeltakarane (pakkepris til lokallaga):

  • Kr 2100 per person i dobbeltrom og
  • kr 2600 per person i enkeltrom

Dagpakke laurdag: kr 550

Dagpakke søndag: kr 550

Middag laurdag:     kr 495

Foredrag med Claus Dalby på søndag:

  • kr 250 for medlem
  • kr 350 for ikkje medlem