Kari Støfringsdal driv Fjordamattunet saman med mannen Odd. Dette er eit aktivitetssenter med vekt på formidling av tradisjonsmat og matkultur. Her lagar ein mat i fellesskap, og det gode måltidet er ein svært viktig del av total-opplevinga; lære, oppleve og nyte. Ofte når folk samlast for å lage mat i lag vert det laga ei god suppe med heimelaga brød til.
Dette er temaet som Kari skal snakke om på møte i Gloppen Hagelag. Ho deler tips om korleis ein lagar god kraft, enkle og gode supper og ikkje minst korleis ein lukkast med det gode brødet som passar til suppa.
Det blir servering av div. supper, brød og kaffi.
Etterpå blir det lotteri 🌸

Inngangspengar: 70,- for medlem, 100,- for ikkje medlem, skuleelevar gratis.

Alle er velkomne 😊🧄🥣🥦🥖