Hausten 2022 hadde vi ein felles dugnad for å få dei første plantekassene på plass. Det vart fjerna gras, kassene kom på plass, det vart fylt i jord i nokre av dei og planta både grasløk, jordskokk og jordbær. Våren 2023 kan folk melde seg for å låne ei plantekasse for ein sesong. Målgruppa er personar eller familiar som ikkje har eigen hage, men som kan tenkje seg å drive med dyrking. 

Vi håpar at den gamle barneparken kan bli ein fin møteplass der ein kan utveksle gode råd og tips, samt møte andre med felles interesse for plantestell og dyrking.