Ved Breimsvatnet på Reed ligg eit gammalt bustadhus og løe – med ein fin og innhaldsrik hage som rekk heilt ned til vatnet. Der i Kyrkjevegen 11 bur Kjellaug Kaldestad Johannesen og Torgeir Johannessen om sommaren, og nyt naturen og hagen.

I hagen er ulike busker og tre, staudar og fine murar med fleire sitjeplasser. Hit skal Hageselskapet på hagevandring onsdag 10.august. Hageselskapet var der på besøk også i 2019. Då var det godt oppmøte. Mange vil gjerne sjå den flotte hagen ein gong til, og dei som ikkje hadde høve då, har sjansen no. Eigarane vil fortelje om plassen og by på fine sitjeplassar i den restaurerte lada. Her serverer vi kaffi og litt å bite i.

Det er ikkje plass til parkering ved eigedommen. Køyr difor ned til kaia og bua, parker der og gå til Kyrkjevegen 11.

Alle som ønskjer å sjå ei perle ved Breimsvatnet, set av kvelden den 10. august.

 

Velkomne! 🌸

 

Helsing

Hageselskapet Gloppen 

Sjå mindre