lage frukttre

Vi gjentek suksessen frå i fjor, og arrangerer møte om beskjering og stell av frukttre måndag 27. mars. Det er rette tida for det no, og vi har fått Jon Slagstad til å guide oss gjennom tematikken. I år blir møtet på garden til Jon på Slagstad. Møtet blir utandørs og praktisk retta, så ta godt på med klede. 

Etter at vi har sett på beskjering av forskjellige frukttre, syner Jon oss korleis vi skal pode epletre. Alle som vil, får prøve å pode. Om det er spesielle eplesortar du har lyst til å pode, er det lurt å ta med eit par podekvistar, elles har vi med nokre sortar. Podekvisten skal takast i februar-mars og må vere fra siste sommars vekst og frå eit friskt tre.  Podekvist lagrast innpakka i vått avispapir med plast rundt i kjøleskap eller nedgravd i snøen til podinga skal gjerast. Podekvisten bør vere på størrelse med ein blyant eller større, med to til tre knoppar. Det vert høve til å kjøpe grunnstammar, potte og jord til podinga på møtet. 

Som vanleg vert det kaffi, kaker og loddsal. Vel møtt til eit muntert og interessant møte. Det er gratis inngang og ope for alle, så ta med ein ven og kom! :)

Fint om ein køyrer fleire saman i bilane slik at det vert lettare for Jon å dirigere bilane på plass.