Hagebesøk til Den naturlege hagen
På Nokkaneset møter vi Hallbjørg Eidhamar. Ho bur på ein skjerma plass med nydeleg utsikt over fjorden. Hagen er romsleg og rommar ulike prydplanter, stor kjøkkenhage, to drivhus, frittgående høner og vaktlar. Her får du sjå mange kjente og ein del mindre kjente etande vekstar i ulike fargar og former.
Hallbjørg er oppteken av å dyrke grønnsaker på ein berekraftig måte. Ho har fokus på å forbetre jorda i staden for å utarme den. Hagen og dyrkinga ber preg av Gjenbruk, korleis utnytte ressursane på ein miljøvenleg måte, kompostering og bruk av ulike former for naturleg gjødsling.
Vi møtast ved skysstasjonen i Sogndal og legg opp til samkøyring. Køyreturen tek ca 1,5 time frå Sogndal. Meir info kjem!
OBS! Datoen kan verte endra!
Den naturlege hagen har grønsaker og egg for sal.
Sjå gjerne på heimesida:
Eller følg henne gjerne på Instagram: Dennaturlegehagen