Sogndal hagelag stiller med bytetorg av ulike planter på hagedagen arrangert av De Heibergske samlinger. Ta med deg knollar, små stauder/ planter som har vakse seg for store, du har overflod av eller du har sådd og fått for mykje av. Byt desse inn i andre planter. Vi vert også takksame om du har planter å donere til hagelaget. Ta gjerne kontakt så kan vi evt avtale henting/ levering av desse om du ikkje kjem til museet. Om du ikkje har noko å byte med er det sjølvsagt høve å kjøpe for eit lite beløp. Sogndal bibliotek og Sogndal hagelag samarbeider om frøbibliotek. Ta gjerne med frø du har til overs og bytt inn desse med andre frøsortar. Det vert diverre ikkje høve å kjøpe frø om du ikkje har med frøpakker denne dagen. All inntekt av evt. sal går til Sogndal hagelag og kjem medlemane våre til gode ved sponsing av kostnad på seinare arrangement. Museet har elles planlagt aktivitetsstasjonar - avis-potte laging - såing av sukkerert - spikking av seljefløyte - illustrering av planter/teiknestasjon - SIMAS - m.m. Elles er det ei nyopna utstilling av planteakvarellar laga av Hege Gjerde Sviggum
Lær deg kunsten å pode og lag dine eigne frukttre. Onsdag 17. april kl. 17.00 - 20.00 Kaupanger skule, kunst og handtverksalen Pris: medlem: 200,- ikkje medlem: 450,- + kjøp av ferdigpoda frukttre kr 150,-/ stk.
Sogndal hagelag nyttar SPOND for å dele informasjon om komande arrangement. Last ned appen i dag!