Olav Arnar Bø kjem til Kaupanger og gjev oss ei god innføring i poding. 

Vi øver oss på kvistar før vi podar på podestammar. Du kan kjøpe med deg treet du podar på kurset for kr 150,-. Om du har eigne podestammar eller kvistar kan du gjerne ta med og nytte desse.  

Du treng inga forkunnskap til dette kurset, vi har alt av utstyr du treng. Arrangementet er ope for alle, men grunna begrensa plassar gjeld førehandspåmelding.

Medlemar av Sogndal hagelag kan melde på via SPOND-appen til Sogndal hagelag eller ved å ta kontakt pr. tlf. eller SMS. 

Ikkje-medlem kan ta kontakt pr. tlf. eller SMS.

Stad: Kaupanger skule på kunst- og håndtverksalen.

Kontakt: Mariann Reppen Bakketeig: 959 24 932