Anders Nordrum bak www.datsja.no er gartner og pedagog, og har i mange år jobba med kunnskapsformidling, med mål om å styrke beredskapen med hagen som arena. Han kjem til oss og har føredrag med innføring i mellom anna dyrking og lagring av grønsaker, jord og jordliv, samt korleis få god og fruktbar jord ved hjelp av minimale ressursar.
I tillegg vert det sal av boka deira, Beredskapshagen, samt sal av tørråteresistente settepoteter. 
Velkomen!
Arrangementet er eit samarbeid mellom Hageselskapet Bømlo og Stord Hagelag.
Billettar kan kjøpast på https://stordhagelag.ticketco.events/no/nb/e/beredskapshagen
Pris: 150,- for medlem i hageselskapet. 200,- for ikkje-medlem