60 år og “60 opne hagar” 

I forbindelse med at fylkesstyret for Hageselskapet Hordaland vart oppretta for 60 år siden, feirar me jubileet ved å invitere til opne hagar fleire stader i gamle Hordaland. 

Ein av desse hagane finn du her på Bømlo,- hos Aslaug i Sønstabøvågen.

Dette er eit ope arrangement for alle hageinteresserte som ønsker å få inspirasjon av andre hageentusiaster.  Ein treng ikkje vere medlem i hagelaget for å delta.

Adressa er Hiskavegen 145, 5430 Bremnes. Arrangementet er frå kl. 11:00 til kl. 15:00, og Aslaug fortel villig om hagen og plantene dei har valgt i sitt sjønære miljø.

Dette er kort fortalt kva hagen inneheld: hagen er på ca 0,8 mål. Det er stauder, somarblomar, frukttre, bærbuskar, urter, steinbed og fleire sittegrupper i livd for nordavinden. Hagen er vel verdt eit besøk!

Det er god plass til bilparkering på kaiområdet i Sønstabøvågen, i tillegg til nokre plassar i eller ved innkjørselen til huset.

Velkomne skal de vere.