Styret:

Leder:             Ellen Bjelke
Nestleder:       Karin Svoen
Sekretær:       Stig Asle Nistad
Kasserar:        Ingvil Haaland
 

Status etter Førde hagelag sitt årsmøte 24. mars 2022.Kubjelle

Styret legger ned sin aktivitet på grunn av ledige verv. 
Ellen Bjelke fungerer som sekretær/kontaktperson. 
Har håp om ny aktivitet. Vi trenger fleire folk - er fortsatt for få. Er du interessert og vil være med på å drive hagelaget vidare?

Ta gjerne kontakt med :  Ellen Bjelke   E-post: ell.bjelk@enivest.net Mob: 95879707 

                                       🍀🍀🌺🍀🍀🌺🍀🍀🌺🍀🍀

 

Årsmøte i Førde hagelag
Førde hagelag kallar inn til årsmøte.
Dato: 24. mars  Tid: kl18:00   Sted: Halbrendhuset, Sunnfjord museum

Informasjon til medlemmer i Førde hagelag

Styret vil informere medlemmer om status i forkant av årsmøtet. Førde hagelag har ledige styreverv. Er det nokon som vil vere med på å drive oss vidare? 

Det har gradvis blitt mindre aktivitet i hagelaget. Vi har ikkje klart å rekruttere nye inn i ledige styreverv. Status i dag, er tre aktive. Det påverkar våre aktiviteter og tilbod.

Sogn og Fjordane fylkeshagelag er vårt bindeledd til Hageselskapet med ansvar for de lokale hagelag. I Sunnfjord kommune er dette Naustdal og Førde hagelag.

Hageselskapet sitt motto er «Bedre livskvalitet med grønne opplevelser».Våre aktivitetar skal fremje hageglede og bærekraftig hagekultur, og også vere ein kunnskaps-, informasjons- og interesseorganisasjon for alle hageinteresserte i Noreg. I hage ligg alt frå verandakasse til store anlegg.

Vår erfaring er at felles interesse og hageglede er det viktigaste. Det sosiale betyr mykje i praksis - hagefolk deler villig av kunnskap og erfaringar.

Skal det være aktivitet i Førde hagelag eller er det meir enn godt nok å få 10 utgåver av Hagetidend  årleg? Vårt spørsmål er «Kva gjer vi no»? Kva ønskjer medlemmer av Førde hagelag?

Vil du vere med å «gjere ein forskjell» for oss glade, positive hagefolk?

Er det nokon av dykk som kan tenkje seg å bli med på gjere ein innsats i styret, på arrangement el.? Interesse er det viktigaste, du kan vere nybegynnar eller erfaren, med eller utan hage. Er du interessert i dyrking av eigne grønsaker så er det veldig aktuelt. Vi treng også ungdommar som kan påverke med sine interesser.

Vi ønskjer og treng tilbakemelding frå  medlemmane før årsmøte. Har du saker?

Ta gjerne kontakt og/eller kom på årsmøte – sjå under.

Om vi ikkje får nokon respons, vil styret i Førde hagelag legge ned vidare aktivitet med oppheving av styreverv. Status blir eit «sovande hagelag» med ein kontaktperson, for ein avgrensa periode, i håp om «nye krefter» for Førde hagelag.

Med helsing

Styret i Førde hagelag

Ta gjerne kontakt med :  Ellen Bjelke   E-post: ell.bjelk@enivest.net       Mob: 95879707