Hanne Schnitler er opptatt av plantar som vi vanlegvis lukar vekk i hagane eller åkrane våre. Mange av desse er næringsrike og gode plantar som kan brukast til mat, te og mykje meir. Utgangspunktet for Hanne er Vie andelslandbruk og eigen hage, og ho gjev oss gode tips i dette foredraget. I tillegg kan du få smaksprøver på nokre plantar som Hanne tek med seg. Kanskje får du smake løvetannkaffi?!

Førde hagelag stiller også med litt informasjon og loddsal!

Arrangementet er ein del av Berekraftsveka 2024, der Sunnfjord bibliotek set fokus på ulike berkraftsmål. Det er utstillingar av bøker på alle biblioteka i kommunen og ulike aktivitetar.

Arr. er gratis. Velkomen!