Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for grøn utvikling. Dei siste ti åra har han dukka ned i det største økosystemet på planeten, den levande molda, og vist korleis aktivt samarbeid med det enorme livet der kan gje oss ei skapande og positiv rolle i naturen.

I den nye boka; Jordboka for hagen, set han fokus på hagen som arena. Korleis kan vi hageeigarar medverke til eit reelt grønt skifte, eit som endrar forholdet vårt til naturen? Korleis kan vi utvikle hagen med naturen som samarbeidspartnar? Og kva kan vi oppnå om vi gjennomfører dette løftet saman?

Hagen som blir presentert i boka og foredraga fornyar seg sjølv med basis i dei organiske emne som finst på staden. Naturen er sjefsgartnaren, medan hageeigaren blir ein medspelar. Og slik kan hagen også bli arenaen for djup naturlæring, meistringskjensle og ekte glede.

Arr. er gratis, men du får gratisbillett på Førdehuset.no

Eit samarbeid med Førde hagelag. Boksal og signering.

Velkomen til Førde bibliotek, måndag 22. april. kl. 19.00.

Arrangementet er ein del av Berekraftsveka 2024, der Sunnfjord bibliotek set fokus på ulike berkraftsmål. Det er utstillingar av bøker på alle biblioteka i kommunen og ulike aktivitetar.