Førde hagelag ønskjer velkommmen til eitgrønt og frodig arrangement på Storebrua/Skywalken!  Arcticgardener vil halde foredraget «Plantebonanza» som handlar om korleis ein skal lukkast med grøne plantar.

Plantebonanza med Anders Røyneberg & Eirik Skjerven

Anders Røyneberg  har skrive mellom anna bøkene «Plantelykke» og «Plantebonanza» og er kjent som @arcticgardener på Instagram, med meir enn 100 000 følgjarar. Korleis leve grønare og kva handlar denne grøne plantebølgja om? Han vil vise korleis du kan lukkast med å stelle, ivareta og ikkje minst velje kva for plante som passar akkurat deg. Sambuar, Erik Schjerven, er medforfattar av bøkene, stiller også på foredraget.

Dei har også med ei grøn overrasking som dei vil gje til ein heldig blant publikum. Det vert også sal og signering av bøker for dei som vil. Høve til å stille spørsmål om plantepleie og få dei beste grøne tipsa.

Her får du masse grøn inspirasjon og bilde av frodige rom. Tips til godt stell om vinteren får du også.

Stikling-bytte

Førde hagelag står på Storebrua/Skywalken mellom 15 og 16.45 for å ta imot stiklingar. (dei treng ikkje vere ferdige med røter) i retur får du ein «bytelapp» per. stikling.  Bytemarknaden opnar klokka 17.00.

NB! Vi ønskjer alle stiklingar utan mold. Pakk dei i fukta papir og legg desse i ein liten pose.

Vi visar korleis ein tar stiklingar.

 Loddsal

Førde hagelag har sal av lodd og håpar på god støtte. Inntekta går til Førde hagelag. Kan betale med Vipps.

Program:

Kl. 15.00 til 16.45: Vi tek imot stiklingar

Kl. 17.00:              Vi opnar for stikling-bytte

Kl. 18.00:              Foredrag Plantebonanza med @arcticgardener (ca. 60min)

Butikkane Bellis Blomster, Norli og Clas Ohlson har stand med planter, vekstlys, bøker og anna.

Arrangementet er gratis. Er avgrensa med sitteplassar, men rikeleg med ståplassar!

Denne ettermiddagen byr på masse grøn inspirasjon, bilde av frodige rom og mange gode tips.

Velkomen