Frøbibliotek går ut på at du kan registrere deg og låne med deg inntil 5 posar frø heim. Om hausten kan du hauste frø frå plantane dine og levere tilbake til biblioteket i kaffifilter eller frøpose. På denne måten har biblioteket heile tida nye frø til dei som vil låne. Skikkeleg smart! Frøbiblioteket har no kjøpt inn fleire økologiske frøsortar som kålrot, tomat, nepe, kål, sukkerert, solsikke og andre bievenlege blomar, så her er mykje spennande å velje i.

Merk deg datoen torsdag 23. februar- då vert det frøsleppfest på biblioteket kl. 1800. Her kan du lære om korleis du kan så frø sjølv, og kanskje finn du ein frøpose du vi ha med deg heim? Ellen svarar på spørsmål om såing og plantar, og bibliotekarane Torunn og Anna fortel om korleis du kan gjere deg med utlån og innlevering. Dette blir spennande- velkommen til alle!

Du finn meir informasjon om og eksempel på frøbibliotek her:

https://sunnfjordbibliotek.no/.../frobiblioteket-i.../