På Brekkegarden, med si vakre sunnmørsstove frå 1897, blir vi tatt imot av vertskap Nina Elisabeth Bøe. Der finn vi historiske roser med namn som "Princesse de Lamballe", "Cardinal de Richelieu" og "York & Lancaster". Bak namna gøymer det seg hundreår med segner om blod og begjær, heltedåd og svik - og udøyeleg kjærleik. Nokre sanne, andre kanskje mindre sanne, men kva gjer vel det..... Gode historier overlever - akkurat som gode roser!

Det blir også høve å få seg ein matbit.