Vi inviterer nokon som er "proffesjonelle" på området og som kan bistå med gode tips og råd.
Besøk hos Trine Isobel Foldal. Ho held foredrag om kva ulike plantar kan brukast til, både som mat og medisin.
På Hagedagen 2023 har vi planlagt hagemarknad, der Vanylven hagelag står som tilretteleggjar av marknaden. Har du kanskje sådd alt for mange somarblomster eller grønsaker, kom og selg av overfloden din. Andre aktuelle produkt kan t.d. vere saft, syltetøy, fuglekasser, fuglebrett, ullprodukt, hagepynt og plantar/stauder/busker av ymse slag o.s.v. Inntekta går til deg sjølv. For nærmare informasjon, ta kontakt med oss :-)