Planteloppemarknad i Solsikkeparken

Av Guri Dragseth Brekke
mai
Solsikkeparken v/Combisenteret, Fiskå

Vi gjentek suksessen frå i fjor, og arrangerer planteloppis i Solsikkeparken på Fiskå. I fjor hadde vi nesten 1000 plantar/grønsaker/buskar, og nesten alt fekk nye eigarar. Den gryande interessa for hage gjer at vi er veldig motivert til å gjere dette også i år. Planlegginga starta i fjor sommar, og vi har allereie eit stort utval plantar klart. Vi håpar loppisen skal bli minst like bra i år også :-)