Det norske hageselskapet har oppdatert nettsidene sine og laga nettside og epostadresse for   kvart enkelt hagelag. Nettadressa for Vanylven hagelag er www.vanylven.hagelag.no og vert  administrert av Hageselskapet. Epostadressa vanylven@hageselskapetmr.no  er eit alias der inngåande epost går til leiar og sekretær. Denne vert administrert av fylkeslaget. Det er opp til hagelaget korleis vi vil bruke desse adressene. Kommunikasjon er så viktig for eit lag at styret ønsker å drøfte dette med medlemane på årsmøtet den 9. februar.