Denne søndagen skal vi besøke to ulike og veldig spennande hagar. Først går turen til Magnar Tjønn i Feios. Han har ein stor hage med mykje georginer, hortensia og knollbegonia, og han har mykje kunnskap å dele med oss etter mange år med hage. Deretter reiser vi til Vangsnes til ein annan flott hage. Her får vi omvising i Ragne Birte Lund og Anup Rej sin hage, eller "Lysets hage", som dei sjølve kallar den. Hagen er ein skulpturhage som var omtala i Norsk Hagetidend nr 6.

Dersom du har lyst å vere med på hagebesøk, kan du møte opp kl. 0845 på baksida av Førde torg (ved inngang Rema 1000) for å samordne transport. Avreise kl 09.00, då har vi passe tid til å nå ferje Dragsvik – Vangsnes kl 11.00.

Vi tek sikte på retur frå Vangsnes til Dragsvik med ferja kl 16.15.

Ta med niste sidan det ikkje er spesielle serveringsstader på vegen. Alle er velkomne- bli med på ein inspirerande og sosial tur til vakre Sogn!

Om du har spørsmål kan du kontakte Helen Haaland, tlf. 957 29974 eller Mathias Hugseth.

Kan være et bilde av 1 person og peon

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.