Hage-Praten: War of the roses
Rosedyrkar Nina har ein stor kjærleik til dei gamle hagerosene. I dette foredraget tar ho deg med inn i nokre av historiene bak desse levande antikvitetane, fortel om planting og stell, samt tradisjonar i gamle vestlandske hagar.
Nett-arrangement på www.hage-praten.no mandag 21. mars kl. 20.00
«Alle roser er skjønne! Men ingen roser er så skjønne som dei historiske rosene» seiest det. Med sin gammaldagse, rufsete sjarm er dei for mange kvintessensen i dufthagen. Bløminga er kort, eksklusiv, og den mest sanselege hageopplevinga som kan tenkjast medan det varer.
Brekkegarden er heim til historiske roser med namn som Princesse de Lamballe, Cardinal de Richelieu, York & Lancaster... Bak namna gøymer det seg hundreår med segner om blod og begjær, heltedåd og svik - og udøyeleg kjærleik. Nokre sanne, andre kanskje mindre sanne – men kva gjer vel det? Gode historier overlever – slik som gode roser!
Klikk her for å logge deg på arrangementet
Pris: 50 kr - Vipps til 732597
Litt mer om Nina:
Nina Elisabeth Bøe har bakgrunn frå det frie kunstfeltet og akademia. MA i Art & Environment frå Falmouth University i Cornwall, vidareutdanning i Meistring & Myndiggjering. Tverrfagleg orientert, engasjert i dei kunnskapsmessige føresetnadene som set grenser og skapar mulegheiter for vår forståing av samspelet kunst - natur - helse. Rosedyrkar og insektentusiast - og trur på at så vel den gode skulen som det gode livet er tinga av at mennesket blir gitt rom til å røre seg langs eit breitt spekter av aktivitetar.