Nederste del av tomta har ein liten furuskog beplanta med surjordsvekster som rhododendron og hortensia, men også litt roser, klematis og forskjellige buskar og tre.

På nivåa og skråningane nermare opp mot huset er det roser, stauder og klematis, men også her ein del buskar og tre.
Heile hagen har mengder med løkblomster om våren. Likar at heile hagen framstår frodig, men også med litt strammare element. Oppvokst med elvar på to "kantar" måtte eg ha vatn i hagen. På Bolsøya blei einaste utvegen ein "kunstig" dam.

Ellers får eg vel nemne at vi lagar litt til pryd og nytte i kamjern til eget bruk, større og mindre "kreasjonar". Mange trapper og stiar i naturstein har gjort hagen meir framkommelig, men også stein fordi vi har glede av å jobbe med det.

Her er litt nyttevekster som jordbær, bærbuskar, forskjellige frukttre. Eit heimesnekra drivhus med blant anna tomat og druer høyrer også med. Prøver å drive litt på naturens premissar ved å gi jorda tilbake det ho gav. Det er det ikkje berre plantene som set pris på, men også svarttrosten som kosar seg med å finne makk.

To mindre hus har torvtak med villflora. Er veldig glad i prosjekt, og sjølv om plassen minkar, er det alltid noko som kan endrast og kanskje bli litt meir spennande. Alt eg har nemnd er vel berre slikt som finst i dei fleste hagar, men kanskje sammensetninga gjer hagen litt annleis likevel.

Velkomne alle som har lyst, mange eller få. Tlf.46339634 eller 48057318. E-post. tbrokstad@yahoo.com.

"Steinrøysa nedi bakken"